onsdag 30. november 2016

Kven blir årets matkulturbloggar?


No har eg hatt eit par fine arbeidsdagar med å lese bloggane de har levert og det er så kjekt å lese og sjå alt det gode arbeide de har gjennomført på studiet. Det er mange blogginnlegg som verkelig er glitrande gode og som formidlar matkultur, handboren kunnskap og tradisjonar på ein svært god måte. Eg kjenner på ei stor glede og eg er verkelig stolt av studentgruppa sine faglige prestasjonar og arbeidsinnsats med blogging. Tusen takk for at de har lagt igjen mange digitale spor for MKK ved Høgskulen i Volda på internett og ikkje minst fordi de har delt matkulturell kunnskap med andre!

Det er snart bloggfinale og vår eiga interne kåring av dei beste blogginnlegga skal skje på den siste samlinga før jul. Alle studentane skal stemme anonymt fredag 2. desember og utdeling av premiar, heder og ære skjer under julemiddagen laurdag 3. desember. Kategoriane er:

1. Beste blogginnlegg om sylting, safting og   hermetisering
2. Beste blogginnlegg frå familiedagen på Haualeite
3. Beste blogginnlegg om takke- og tradisjonsbakst til julehøgtid
4. Beste blogginlegg om konservering av kjøt
5. Årets matkulturbloggar

Kriteria er: gode bilde, lesbar tekst, bra faglig nivå og rett og slett di subjektive meining om korleis som er eit lesbart, ryddig og kjekt blogginnlegg ser ut!

Kven kan stemme? Alle studentane skal stemme anonymt på alle kategoriane,
fredag 2.desember 2016 . Lærarane Kari, Erik og Ammar har dobbeltstemme.



Hovedpremie til årets matkulturblogger, Sikta speltmjøl frå Mylnå og Adventste. Foto Kari Ryslett



Sjokolade og karameller frå Belfast,  Nord Irland til blogginnlegg 1-4.  Foto Kari Ryslet

Når bloggane din er vurdert er den din eigedom. Du kan slette bloggen, endre den, viderutvikle den eller lage deg ny blogg. Eg foreslår at fagbloggen kan ligge att på internett som eit viktig digitalt spor etter deg. Kanskje bloggen kjem deg til nytte ein dag?

Beste helsing Kari Ryslett

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar